26
.
11
,
2026

Eit halvår fylt med læring, fellesskap og utvikling

Gjennom dette første halvåret har elevane opplevd små og store meistringsaugneblink, utforska nye tema og utvikla seg både fagleg og sosialt. Her kan du lese meir om livet på skulen dei siste månadene, korleis det går med byggeprosjektet, og kva vi ser fram til i tida fram mot jul.

Innblikk i skulekvardagen

Dette semesteret har vore fylt med nysgjerrigheit, læring og mange gode opplevingar for elevane våre. Gjennom arbeid med Montessori-materiell får elevane utforske og fordjupe seg i ulike fagområde på sitt eige nivå og i sitt eige tempo.

For dei yngste har bokstavinnlæring og den første lese- og skriveopplæringa stått sentralt. Samstundes har elevane arbeidd med aritmetikk, språk og fleire spanande temaområde gjennom semesteret. Dei starta også skuleåret med å få høyre dei fem store forteljingane, som er sjølve ryggrada i den kulturelle og vitanskapelege undervisninga for barna i Montessoriskulen. I dei fem store forteljingane får elevane høyre om korleis universet vart til, livet si utvikling, menneska si utvikling, historia om skriftspråket og tala si historie. Forteljingane gir elevane eit heilskapleg bilete av verda og legg grunnlaget for vidare utforsking innan naturfag, historie, geografi og kultur.

innblikk i skulekvardagen

Læringa har ikkje berre skjedd i klasserommet. Elevane har også vore på fleire kjekke turar dette halvåret. Turar til Notanaustet, Speidarplassen og Stetteneset har gitt rom for meistring, samarbeid og læring ute i naturen. Desse turane har også gitt moglegheit for fysisk aktivitet, undring og gode samtalar. Vi er svært heldige som har så mange flotte turområde i nærmiljøet vårt, noko vi prøvar å nytte så ofte vi kan.

I september har elevane også vore med på BliMe-dansen, der fellesskap, aktivitetsglede og inkludering står i sentrum. Gjennom samtalar, aktivitetar og dans fekk dei lære meir om korleis ein kan ta vare på kvarandre og bidra til at alle kjenner seg som ein viktig del av fellesskapet.

Eit anna spanande prosjekt dette semesteret var fiskeprosjektet der ei gruppe elevar lærte om ulike fiskeslag, livet i fjorden og korleis fiskeri har vore viktig langs kysten vår. Dei fekk også prøve seg som fiskarar og utforske livet i fjøra og på sjøen gjennom eigne erfaringar.

innblikk i skulekvardagen

Tryggleik har også vore eit viktig tema dette semesteret. Under brannvernveka lærte elevane om brannførebygging og kva dei skal gjere dersom det oppstår ein farleg situasjon. Vi gjennomførte brannøving, og elevane fekk besøk av både brannkonstablar og politifolk som delte kunnskap om tryggleik, beredskap og arbeidet sitt. Desse møta skapte stort engasjement og mange gode spørsmål frå elevane. Eit anna viktig tiltak som vi har videreført frå tidlegare år, er venskapsdagane våre. Då blir elevane blanda på tvers av alder og trinn, dei leikar og samarbeider om ulike aktivitetar og oppgåver. Gjennom leik, samarbeid og fellesopplevingar får elevane høve til å bli bedtre kjende med kvarandre og byggje gode relasjonar på tvers av dei faste gruppene. Dette bidreg til eit inkluderande skulemiljø der alle har nokon å vere saman med og kjenner at dei høyrer til.

Når vi ser tilbake på semesteret, er vi stolte over alt elevane har fått oppleve, lære og meistre. Kvar dag har vore prega av utforskartrong, læringsglede og eit godt fellesskap, og vi gler oss til å byggje vidare på dette i tida framover.

innblikk i skulekvardagen

Vi har også mykje vi kan sjå fram mot i tida før jul. 7.trinn skal besøkje Atlanterhavsparken, og heile skulen skal på fellestur til Filadelfiakyrkja. I tillegg står juleverkstad, baking, julelunsj med graut og den årlege julefesten på programmet. Eit ekstra høgdepunkt blir innflytting i dei nye lokala for småskulen, noko både elevar og tilsette gler seg til.

Det er no ope for søknadar om skuleplass for skuleåret 2027/2028. Vi gler oss til å ta i mot nye elevar og familiar som ønskjer å bli ein del av skulefelleskapet vårt. Vi set stor pris på om de vil hjelpe oss å spreie bodskapen om skulen vår. Kjenner de nokon som kunne vere interesserte i Stette Montessoriskule, oppmodar vi dykk til å tipse dei om oss!

På grunn av ombyggingsarbeidet som har blitt gjort denne hausten, håpar vi å kunne invitere til open dag i januar, slik at interesserte kan få sjå dei nye lokala og bli betre kjende med skulen. Nærare informasjon kjem etter kvart. 

Følg gjerne med på nettsida, Facebook og instagram for fleire glimt frå kvardagen vår på Stette Montessoriskule. Vi gler oss til fortsetjinga av dette skuleåret og til alt det nye året har å by på!

Fleire nyheiter