Informasjon

Praktisk informasjon

Opningstider

Stette Montessoriskule er open frå 07.15 til 16.45 på alle kvardagar. Før og etter vanleg skuletid er det tilbod om SFO for dei som går i 1.- 4.trinn . SFO følgjer skuleruta.

Skuleskyss

Ålesund kommune har ansvaret for skuleskyss. Dei av elevane som bur meir enn 4 kilometer frå skule eller som har farleg skuleveg har rett på skuleskyss.

Gi beskjed til rektor om du meiner at barnet ditt har behov for skuleskyss.

Skulehelsetenesta

Helsesjukepleiar Jane Reite Grøtteland brukar å ha faste dagar innom oss på skulen.

Kontaktinformasjon :

 Skodje  helsestasjon :  70 24 40 72

Jane Reite Grøtteland:  918 89 379

e-post adresse: jane.reite.grotteland@alesund.kommune.no(NB! Ikke sensitivt innhold)

Ein kan ta kontakt for samtale. Vaksinering vil føregå på skulen. Då vil ein få informasjon frå helsesjukepleiar i forkant.

Helsestasjonsverksemda sitt formål er å:

  • førebyggje medfødde og erverva sjukdomar, og tannsjukdomar og skadar blant barn og unge.
  • fremje barna sin fysiske, psykiske og sosiale helse.
Skulehelsetenesta sitt formål er å:
  • arbeide for å fremje elevane si totale helse og førebyggje sjukdom, skade eller lyte.
  • i samarbeid med heim, skule og det øvrige hjelpeapparat i samfunnet, å arbeide for å identifisere og løyse dei helsemessige problem som knyter seg spesielt til skuleelevane sin situasjon.

Nettstad om mobbing

Utdanningsdirektoratet har laga ein nettstad om mobbing. På nettstaden http://www.nullmobbing.no finn barn, unge og foreldre informasjon og råd om mobbing, og rettar i samband med det.

Engelsk
No items found.
Naturfag
Norsk