Søknad om skuleplass for skuleåret 2025/2026
Stette Montessoriskule tilbyr ein pedagogikk som er basert på Maria Montessori sine idear om læring og utvikling. Montessoripedagogikken er svært utbreitt og er i dag den største pedagogiske retninga i verda.
Stette Montessoriskole har 57 elevar frå 1. – 7. trinn i inneverande skuleår.
Søknadsfrist for skuleåret 2025/2026 er 1. februar 2025.
Følg link til søknadsskjema:
Stette Friskule starta opp hausten 2016, og vi åpnar no for å søke plass til skuleåret 2025/2026. Skulen er godkjent for 70 elevar, men vil vi ta inn 63 elevar dette året. I tillegg er det avsatt 3 skuleplassar til born som flyttar til Stette etter at søknadsfrista er ute. Sidan skulen er ein privat skule, skal det betalast skulepengar til å supplere drifta (sjå pkt. 4).
Skulen er ein montessoriskule, og sjølv om vi følger den offentlege læreplanen ( kunnskapsløftet), blir det undervist etter montessoripedagogikken sine prinsipp og metode. For dei eldste(6.-7. trinn) vil det imidlertid vere nokre tilpasningar slik at overgongen til offentleg ungdomskule ikkje blir for stor. Meir informasjon om montessoripedagogikken kan du få ved å kontakte skulen. Montessoriskulen er religiøst nøytral.
SFO-tilbud vil bli utifrå etterspurnad, men per i dag har vi tilbod både på morgonen og ettermiddagen, og vi tar sikte på å fortsette med det også neste skuleår.
Skuletida og skuleruta for skuleåret blir bestemt av skulestyret/skulens leiing i høve til lovverket og blir kunngjort i god tid før skulestart på foreldremøter, brev og/eller internett. Så langt skulen finner det føremålstenleg, følgjer vi Statsforveltaren si forslag til skulerute.
Skulen skal ta inn elevar i høve til skulen sin kapasitet. Ved kapasitetsproblemer vil skulen prioritere inntak av elevar etter gjeldande inntaksreglement.
Foreløpig budsjett stipulerer følgjande kostnader for skuleåret 2025/2026:
Skulepenger på kroner 500,- for første barn per måned. Kroner 300,- per månad for barn nummer to, og barn nummer tre er gratis. Det skal betalast skolepenger for totalt 11 månader. Dette er tenkt å dekkje mjølk, frukt og grønnsaker, og fellesmåltid.
Dugnad – ein føresetnad for at skulepengane skal vere så lave som mogleg, er at føresette deltar aktivt i dugnadar for skulen. Dugnadane blir organisert av FAU.
Donasjonar – vi er også takksame for donasjonar av utstyr til både undervisning og leik etc.
Eventuell oppseiing av skuleplass og/eller SFO-tilbud må skje skriftleg med 3 månaders varsel
Inntak av elevar til Stette Friskule SA skal skje i samsvar med inntaksreglar fastsett av styret og dei til ei kvar tid gjeldande reglar i privatskulelova.
Skulen skal ha heile landet som inntaksområde. Skulen skal ta inn elevar i høve til skulen sin kapasitet. Skulen består av to avdelingar: småskulen (1.–4.trinn) og storskulen (5.–7. trinn). Den eine avdelinga kan vere full utan a den andre er det. I slike tilfelle kan det derfor vere fullt på småskulen, medan det framleis er ledige plassar på storskulen, eller omvendt. Ved kapasitetsproblem vil skulen prioritere inntak av elevar etter denne rekkefølge:
1) Born frå Stette skulekrins med avgrensing som følger:
· Taftasundbrua i vest
· Vadsetbrua i nord
· Nes i aust
· Straumsbrua i sør
2) Born av tilsette
3) Born som har søsken på skulen
4) Born som tidlegare har vore elev ved ein Montessoriskule
5) Born som skal ta til i første klasse, deretter andre klasse, tredje klasse osv. Yngre born vert tatt inn før eldre born
Dersom fleire søkjarar stiller likt skal inntaket avgjerast ved loddtrekning
Born med spesielle behov har same rett som andre til skuleplass.
Tre av skuleplassane er unntatt frå søknadsfrista, og er forbeholdt barn som flyttar til bygda etter søknadsfristen
Skulen kan innhente opplysningar om eleven det blir søkt plass for, frå barnehage, skule eller PPT dersom føresette gir skriftlig løyve til det. Skulen kan ikkje krevje at dei føresette gir eit slikt løyve. Forvaltningslova kapittel 5 og 6 gjeld ved vedtak om inntak.
Kunngjering om inntak av elevar blir gjort kvart år i januar månad for å sikre at informasjon om inntak for neste skuleår blir offentliggjort. Kunngjeringa skal gi naudsynte opplysningar om søknadsfristar og ei kort utgreiing om dei kriteria som er omtala under punktet om elevinntak. Søknadsfrist skal vere 1. februar. Søkjarar som søkjer innan fristen skal få plass før søkjarar som har søkt etter at fristen har gått ut. Søknadar som kjem inn etter søknadsfristen blir tatt inn etter gjeldande reglement eller sett på venteliste dersom det ikkje er kapasitet.
Skulen sin daglige leiar avgjer i samsvar med reglementet kva elevar som skal takast inn ved skulen. Søknadane skal handsamast og vedtak vert fatta i samsvar med forvaltningslova kapittel 5 og 6. Skriftlig innstilling om elevinntak skal utarbeidast. Melding om inntak skal gis innan 6 veker etter at søknadsfristen har gått ut. Alle søkarar skal ha skriftlig svar på søknaden sin. Melding om inntak av elevar skal også sendast til eleven si bukommune. Det er høve til å klage på skulen sitt vedtak om inntak jmf. §3-1, sjette ledd i Privatskulelova. Avgjerd om inntak er enkeltvedtak jmf. Forvaltningslova §2. Ei klage skal sendast til skulen. Departementet er klageinstans og fylkesmannen er delegert ansvaret.
Det skal kvart år leggast fram ei prioritert venteliste som skal nyttast ved elevinntak dersom det skulle bli ledige skuleplassar. Skulen kan ikkje ta inn fleire elevar enn skulen er godkjend for.
Styret ved Stette Friskule SA kan endre dette inntaksreglementet innanfor skulen sine vedtekter og dei til ei kvar tid gjeldande reglar i privatskulelova. Inntaksreglementet kan ikkje endrast seinare enn 3 månader før skulens søknadsfrist, og heller ikkje så lenge inntaket pågår.